søndag 29. mai 2011

Favorittoppskrift: Skulebollar

På dugnaden i helga trengte eg ein oppmuntring til alle dei hardtarbeidande dugnadsarbeiderane som stilte opp på fantastisk vis. Eg bladde litt rundt i oppskriftsboka eg har hatt sidan eg var rundt 8 år og fann oppskrift på skulebollar frå skulekjøkenet i femte klasse (etter skrifta å døme). Eg sjekka i skap og kjøleskåp og satte i gang så snart eg hadde konstatert at me hadde alt som trengtes i hus. Og dei vart like gode som eg hugsar og ein skikkeleg suksess hjå dugnadsfolket! Nysteikte skulebollar med melis gjekk ned på høgkant saman med kokkaffi i sola utpå ettermiddagen.

Skulebollar (16 stk)

1 liter kveitemjøl
1 ts kardemomme
4 ss sukker
100g smør
3,5 dl mjølk
1 pakke gjær
1 egg

Bland alt det turrre, og smuldre smøret i det turre. Lunk mjølka (37 grader for fersk gjær og 40-45 grader for tørrgjær). Rør gjæren ut i mjølka - dersom du brukar tørrgjær kan du godt la blandingen stå og godgjera seg i 10 minutt. Rør egget ut i væska, og ha det blaute i det turre. Elt godt. Dekk med plast og lat deigen heva i 30 minutt. Medan deigen hevar lagar du eggekremen:

2 egg
5 dl mjølk
3 ss potetmjøl
6 ss sukker
----------------
2 ss smør
8 ts vaniljesukker

Alt ned til streken blandast kaldt i ein kjele. Kok opp under omrøring og pass godt på så det ikkje svir seg eller kokar over. Ta kremen av varmen når det boblar og rør inn smør og vaniljesukker. Lag kremen stå og avkjøla seg.

Når deigen er ferdig heva eltar du den lett på ei lett mjøla flate - juster eventuelt med litt mjøl dersom den verkar alt for klissete. Del så opp deigen i 16 like delar som du triller til bollar og legg på bakepapir på steikebrett med litt god avstand mellom. Eg brukar gjerne 2 brett med 8 på kvar. Dekk med plast og lat bollane heva ca 15 minutt. Skru på steikeomnen på 225 grader. Når omnen er varm og bollane ferdig heva lagar du så ei god grop midt i kvar bolle som du fyller med eggekrem - 1-2 ss krem til kvar bolle er passe, an på konsistensen til kremen. Steik så bollane midt i omnen i 10 - 12 minutt til dei er gyldne.

Rør melis ut i vatn, og legg ei god teskei på kvar bolle når dei har avkjølt seg i fem minutt, strø så litt kokos på toppen.

Skulebollar er alltid ein stor hit både hjå store og små, og er betre jo rett frå omnen dei er!

lørdag 28. mai 2011

Krise - Kva gjer eg?!?: Hudpleie etter flyreiser

Mange opplever som meg at etter spesielt lengre flyreiser er huden heilt forferdeleg.

På flyet er iallfall eg så oljete at det er skummelt. Sånne kjipe tørkepapir til hender på fly-toalettet er forresten ganske ok til å fjerne overflateolje i ansiktet med dersom ein trykker det mot panna, nasen og andre oljete områder. Når eg då har landa er huden min fullstendig kaotisk i mange dagar med tørre flekker og kviser og alt som er fælt. Redningen fann eg etter å ha lest HildeChristina sin blogg som har masse gode hudpleie- og sminketips her. Ho anbefalte Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask som nattkrem, fuktmaske og SOS-produkt. Og ho hadde heilt rett.

Etter siste lange flyreise brukte eg Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask både som nattkrem og dagkrem i 2-3 dagar. På kvelden smurte eg på eit tjukt lag som eg lot trekke inn over natta, og på dagen brukte eg eit tynnare lag. Litt blank blir ein jo av denne, så til vanleg ville eg ikkje brukt den som dagkrem slik sett. Men når alternativet er krise-hud så er det jo verdt å fikse på sminken litt oftare utover dagen. Og etter omtrent to dagar var huden i lage igjen. Dette funkar også dersom huden av andre grunnar oppfører seg heilt vilt og du har tørre flekker og partier. Ofte synes slike tørre flekker enda betre gjennom sminken, og det er jo det siste ein vil. Men her er ein metode som fiksar det på nokre dagar, og som eg anbefaler på det varmaste. Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask kan også brukast som vanleg nattkrem, noko eg har gjort i det siste fordi eg gjekk tom for den vanlege nattkremen min. Funkar heilt supert!

Decléor Hydra Floral Anti-Pollution Moisturising Mask kan du få kjøpt mellom anna hjå feelunique.com for ca kr 280,-. Dei tilbakebetaler MVA og tollgebyr dersom du scannar kvitteringen og sender den til dei. I tillegg har dei fri frakt, så du ender med å betale det som står som prisen. I Norsk butikk kostar den nok ein god del meir.

Har du nokre produkt du tyr til når det er fullstendig krise? Del gjerne tips og erfaringar!

fredag 27. mai 2011

Stil: Det Lille Svarte Skjørtet

The Versatile Black Skirt

Polyvore-montasje - med klokka frå venstre:
3 1 Phillip Lim off one shoulder top, H&M øyreringar, Amethyst ring frå fashion-conscience.com, vintage clutch-veske frå modcloth.com, G by Guess sequin tee, Roberta Chiarella hoop earrings, gullfarga armband frå topshop.com, armband i tre frå topshop.com, Converse joggesko, Neil Barrett blyantskjørt, Dior Addict Lip Glow Color Awakening Lipbalm, Christian Louboutin peep toe high heels, Marc by Marc Jacobs knelangt blyantskjørt, Estee Lauder Signature Eyeshadow Quad, Marc jacobs clutch-veske

Det lille svarte skjørtet er i fylgje meg enda meir anvendeleg enn Den Lille Svarte (kjolen) som Coco Chanel så kjent meinte alle kvinner burde ha i skåpet. Eg har sjølv no 3 svarte skjørt (ok, eit er mørkt, mørkt blått og 2 svarte) som eg brukar heile tida. Med ei kul t-skjorte, farga strømpebukse, tennissko og kanskje ei grå hettejakke sklir det rett inn på jobb, litt smykker og ei kul veske gjer meg klar for kafè eller øl og det riktige tilbehøret og ein fin topp gjer meg fest-fin i ein fei. Varianten eg brukar i år er litt lengre enn det som fekk hard bruk dei to siste somrane - eit miniskjørt med høgt liv og fire store pynteknappar i front. Eit lysegrått miniskjørt i kraftig bomull med glidelåsar og høgt liv har også hatt tung rotasjon i garderoben min dei siste åra, og er litt meir kvardagsleg.

Har du eit plagg du alltid kan ta fram uansett anledning?

onsdag 18. mai 2011

Unngå bryllaups-fellene! - Eller korleis få ditt bryllaup super-personleg, stilfullt og stress-fritt på budsjett


Sommar er også høgtid for bryllaup og mange er i desse dagar i innspurten til Den Store Dagen. Som dei fleste veit er planlegging nøkkelen til suksess. Og stress fører gjerne til dyre løysingar - som kanskje kunne vore både meir personlege og rimelege. Her er mine seks råd til korleis ein planlegg bryllaupet slik at det blir mest mogleg personleg og rimeleg - utan å fire på stilen!


1) Ikkje les bryllaupsmagasiner!
Det er dykkar bryllaup, og då avgjersla var tatt rann sikkert idèane inn i hovudet om korleis du ville ha ting - og din make hadde garantert også sine synspunkt. Ikkje gå vekk frå desse idèane! Fokuser på kva de faktisk vil ha og ikkje korleis magasiner og nettsider påstår at ting skal vera. Rett og slett drit i listene ein finn i slike blad og på bryllaups-nettsidene - de klarar heilt sikkert å lage ei oversikt sjølv over kva som må gjerast for å få det slik de vil ha det. Eg meiner ikkje at ein ikkje skal finna inspirasjon både i blader og på nettet. Men ver forsiktig så du ikkje blir hjernevaska til å tru at ting må vera på ein spesiell måte - det er fortare gjort enn ein skulle tru. Nederst på denne sida omtaler eg ei fantastisk side om korleis eit par arrangerte drøymebryllaupet akkurat slik dei ville ha det. Meir inspirerande om korleis dere får til dykkar bryllaup på dykkar måte (og dykkar budsjett) enn bryllaupspressen. Hugs at ein heil industri lev av våre forventningar og bekymringar for denne store begivenheita. Ta heller dine eigne avgjersler.



2) Vel din Toastmaster med omhu
Dersom de vel Toastmasteren med omhu kan ein få ikkje berre ein veltalande og morosam talehaldar men også ein super organisatør og bryllaupsplanleggjar. Toastmasteren kan ta seg av all planleggjing av talar og matservering saman med kjøkkenet men også halda styr på alt av innslag seinare på kvelden, kommunikasjonen med den levande musikken (dersom dere skal ha det) og lokalet om ting som kvar scenen skal vera, når dei skal spela, når brudevalsen er, kven som held tale før og etter kvar rett, og så vidare. Med den perfekte Toastmasteren / organisatøren vel i havn kan de slappe av på dagen og la dykk bli ført gjennom dagen som om på skinner. De vil ikkje måtte tenke på klokka, kor de skal vera når eller kva som skal skje framover.



3) Gjer bryllaupet til ein dugnad - med ansvarsområder.
Alle elskar bryllaup og dei fleste stiller med glede opp. Kjenner du nokon som kan noko? Spør om hjelp eller ønsk deg hjelpen som gåve frå den personen. Kjenner du ein frisør eller nokon som er dyktige på hår og sminke? Kan mammas syklubb stille opp som kakebakerar? Kjenner du nokon som spelar i band? Nokon som er gode på blomsterdekor? Ein dansar som kan stille med eit underhaldningsinnslag på kvelden? Nokon som kan syngja eller spela ved vielsen? Ein god hobby (eller proff) fotograf? Velg personar de stolar på og gi dei eit ansvarsområde dei har fullstendig kontroll over. Slik slepp du å tenkja meir på det området. Fortel den du gir ansvaret for bordkorta kva du tenkjer deg og gi dei bordplanen - og tenk ikkje meir på den saken. Det blir heilt sikkert bra nok!




4) Fokuser og prioriter
Bryllaupsfeiring inneber eit avgrensa budsjett. Avgjer tidleg kva som er viktigast for dykk - luksus-mat, flotte lokaler eller flest mogleg gjester? Ein får sjeldan alt ein ynskjer seg på ein gong, så bli tidleg einige om kva dere prioriterer. Vil dere ha middag for den nærmaste familien og dans for alt av venner og kjente etterpå? Eller masse folk heile dagen og ein enklare middag? For å gjera det rimelegast mogleg kan ein til og med leige eit lokale (eller ha det hjå nokon som har ein stor låve, hage, campingplass, kafè eller liknande du kjenner) og gjere det til eit spleiselag. Få Toastmasteren eller 'Mat-ansvarleg' til å halde kontroll på kva den enkelte kjem til å ta med, slik at ein ikkje ender med berre salat eller berre kake. Gjer mest mogleg sjølv - eller det vil seia - sørg for at folk dere kjenner gjer mest mogleg. Alle tjenester og ting dere kjøper et av det verdifulle budsjettet. Vurder alltid om dette er verdt pengane eller om ein kan få til noko liknande for ein billegare penge sjølv eller med litt hjelp.



5) Kjolen - kjøpe, leige eller sy?
Kjolen er for mange jenter ein av dei viktigaste sidene av dagen. Det er tross alt ikkje så mange gonger i løpet av livet ein får vera prinsesse eller dronning for ein dag! Vil du ha ein tradisjonell brudekjole er mitt råd å leige den framfor å kjøpe den. Då slepp du å passe fullt så nøye på den som om du skulle selja den etterpå. Min kjole var svart av skit sikkert 40 cm oppover skjørtet når dagen var omme, og eg var sjeleglad for at det ikkje var mitt problem. Dersom du absolutt vil kjøpe - sjekk marknadsplassar på nettet for både brukte og ubrukte (!) kjolar - både i innland og utland. Dersom storleiken er ganske rett kan du sikkert få ein skreddar eller eit familiemedlem som er gode til slikt til å gjera dei siste tilpasningane. Ein måte å spare litt pengar på er å kjøpe minst mogleg i brudesalongen. Undertøy (korsett anbefalast for at kjolen skal sitja pent!) og kanskje underskjørt er kanskje enklast å kjøpa i salongen men smykker, sko og anna finn du sikker ein annan stad. Kanskje du kjenner nokon som til dømes har øyredobbar, slør, underskjørt eller liknande du kan låne? Og hugs at skoa MÅ vera komfortable. Det er faktisk in for tiden å stille med personlege sko (som Carrie i Sex og Singelliv-film nummer ein), så kvite silkesko er ein saga blott. Kjøp gode sko du elskar, som du kan bruka seinare.

Eit alternativ kan vera å få kjolen sydd - dersom du ynskjer deg ein spesiell stil kan du leite opp eit mønster på nettet, kjøpe stoff i ein stoff-forretning (eksotiske tekstil-forretningar i byane har ofte eit fantastisk utval) og få ei sydame, ein skreddar eller svært dyktig familiemedlem eller bekjent til å sy kjolen etter mønsteret. Hugs sjølvsagt den siste tilpassingen slik at den sit perfekt. Glamourbibliotekaren
 gjorde dette med stor suksess - les hennar råd og tips her.

Er det ikkje viktig med ein tradisjonell brudekjole? Supert! Då står du mykje friare. Dersom du fortsatt vil ha kvit kjole kan du farge kjolen etter bryllaupet og bruke den vidare.



6) Slapp av og len dykk tilbake.
Når de så har folk de stolar på som tek seg av alle områder av dagen og tilstelningen - slapp av og nyt dagen. Det blir uansett heilt fantastisk og dersom de ikkje anar kva som skjer veit de heller ikkje om slike småting som skjærer seg undervegs. De kjem nok ikkje til å merke noko til det uansett, og alt ordnar seg. Alt treng ikkje vera perfekt! Alle kjem til å vera så glade og positivt innstilte denne dagen at det ikkje gjer noko om alt ikkje går på skinner. Og skulle det mot formodning bli sure miner nokon stad (du har sikkert ein mistanke om kven i ditt selskap som kan tenkjast å bli litt sid i geipen på slik ein dag) - gi blaffen. Lat dei ansvarlege for kvart felt ta seg av ting som oppstår og seil gjennom dagen på ein positiv og glad bølge. Det er dykkar dag - ikkje sure grandtante Olga sin!



Her er ein fantastisk sak om korleis ein kan få bryllaupet mest mogleg personleg (og rimeleg) frå ein av mine favoritt-bloggar Young House Love. Dei gjorde det aller meste sjølv - men ein kan alltids få fleire til å bidra dersom ein ikkje kjenner seg heilt i stand til ein så fantastisk sjølv-innsats. Og alt er imponerande stilig og vel-gjennomført! Legg merke til kor enkelt, elegant og rimeleg ting kan gjerast. Eg elskar bord-dekorasjonane, brudebuketten og invitasjonen. Så elegant! Så enkelt! Så rimeleg! Les heile den fantastiske historien her.

Skal du gifte deg? Har du gifta deg? Kva er dine tankar og erfaringar rundt dugnadsinnsats, gjer-det-sjølv og prioriteringar? Har du vore bryllaupsgjest? Kva likte du mest og minst med bryllaupet du var i?

(Bileta i dette innlegget er lånte - klikk på biletet for å komme til sida kvart bilete er lånt frå.)

søndag 15. mai 2011

Kake-sommar

Ah! Eg elskar sommar og eg elskar kake - og spesielt sommar-kake med masse deilige frukt og bær. Gjer ikkje du? No er det både 17. Mai og konfirmasjons-tid så ei skikkeleg sommar-kake slår alltid an!

Her kjem ei samling av flotte kaker frå rundt omkring på nettet. Dei ser heilt fantastiske ut - og smakar forhåpentlegvis minst like godt! Klikk på kakenamnet så kjem du til oppskrifta. Den fyrste her har eg store ambisjonar om å bake i løpet av Mai!!!









Ein eller annan dag SKAL eg lage denne fantastiske kreasjonen:



Eit tips til dei som er laktose-intolerante (som meg) er at i Sverige har dei faktisk laktosefri kremfløyte! Den held seg som laktosefri mjølk litt lengre enn vanleg kremfløyte, så kjøp med ein ekstra dersom du har sjansen. Det er utruleg synd at me ikkje har laktosefri rømme, creme fraiche, kremfløyte og fløyte-is her i Norge - alt dette finst jo i Sverige! Me får skriva til Tine og presse fram fleire laktosefrie produkt. Eg kjenner iallfall mange som er laktose-intolerante så markedet er der absolutt. Er det fleire enn meg som er leie av Lollipop og Frisk-Is?

Kva er di favoritt-sommarkake? Kjenner du nokon som er laktose-intolerante eller er du det sjølv? Kjem du til å bake til ein anledning i Mai?

lørdag 14. mai 2011

Minst mogleg tid og / eller pengar?


Så - du skal ha fest, barnebursdag, middagsselskap eller grilling i hagen. Kanskje har du litt lite tid eller ikkje ynskjer å bruke så mykje pengar. For sjølv om noko av det koselegaste som finst er sosialt samvær med menneske som betyr mykje for deg - så er det oftast avgrensa kor mykje ein kan leggja på kvar enkelt anledning. Mitt råd nummer ein er derfor - legg pengane på maten! Dekorasjonar og stemning kan ein få til med enkle midlar. Og ofte er det slik at jo mindre pengar ein bruker - jo meir tid må ein bruka. Men ikkje alltid! Her vil eg dele korleis ein kan få mest mogleg pang for pengane (og tiden) ein har til rådigheit.

Men kva om det er litt trangt - sånn kronasje-messig sett? Må ein då sitje heime åleine? Sjølvsagt ikkje! Eg vil også leggje ut forslag til korleis ein kan invitere folk heim til seg - nestan uten å bruke pengar på det. Det viktigaste sparetipset tykkjer eg er at sjølv om salg jo er billeg, så er det billigare å bruke ting ein allereie har. Gratis, faktisk!

Styrer eg dermed unna alt dyrt og lukseriøst? Nei! Sjølv om ein ikkje ender med å kjøpe alle desse flotte tinga som finst der ute, så kan ein så absolutt bli inspirert til å få til sin eigen versjon. Eller til å gjenskape stemninga.

Sist men ikkje minst vil eg også komme med tips og råd om skjønnheit og antrekk. Igjen - helst med å bruke ting du allereie har men også med tips om gode produkt og idèar som finst der ute. Og det kjem ein kategori som heiter "Krise - Kva gjer eg?!?" som tek for seg ulike små eller store kriser ein kan oppleva i opptakten eller innspurten - både innan skjønnheit, klede, dekorasjon, tidsklemme og mat.

Håpar du blir inspirert og får idèar. Og kom gjerne med spørsmål, forslag og ting du gjerne vil ha svar på og innlegg om.

Ha ein fortsatt fotreffeleg dag!

- Hanneliane :)